OM OSS
Maline har i eit par år vore svært engasjert innan planter. Ho har snakka om plantene sine i tider og utider, i håp om å inspirere og engasjere fleire til å anskaffe seg planter. Ein vakker vårdag under corona-krisa 2020, fekk ho endeleg napp. Silje vart bitt av plantebasillen. Ho vart enda meir engasjert enn Maline nokon gong har vore. Dette resulterte i at vi starta bloggen Frodige Frøkner.
SILJE OM MALINE
Maline har eit stort hjarte for alle rundt seg. Alle slags mennesker, dyr og planter. Ho er som regel den som ser lyst på mørke dagar. Ho veit kva ho skal sei eller gjer for å få meg i betre humør om eg har ein vanskeleg dag. Eg er aldri redd for å prate med ho, for ho er lojal, ærlig og rett fram. Det er ho som har "smitta" meg med plantegalskapen min. Ho har pusha på ei stund, og eg har vore heilt klar på at eg drep alle planter. Maline ser lyst på det og seier; "Du har ikkje gitt det ein sjangs enno. Prøv! Du kan få avleggarar med meg!" Ho er litt som Pippi. Og eg er litt som pippi sjølv. Kanskje det er derfor det er nettopp vi to som enda opp med å skrive ilag her? "Det har vi aldri gjort før, så det klarer vi!"
MALINE OM SILJE
Silje har vore kjempelei av maset mitt om å at ho må anskaffe seg planter. Men eg klarte endeleg å overtale henne, og no høyrer eg ikkje om anna enn alle avleggarane hennar og om kor mange nye blad ho har fått på gullranken sin. Ho er verdens snildaste person, som ofte kanskje er altfor snill. No i corona-krisa har ho stilt opp for meg uansett kva det måtte vere, og eg lurer på om eg nokon gong kjem til å få nok tid til å gjengjelde alle tenestene ho har gjort for meg. Vi har kjent kvarandre sidan første dag i første klasse, og eg trur at dette er eit vennskap som kjem til å vare livet ut. Eg gler meg til å kome skikkeleg i gong med dette prosjektet saman med deg, min gode ven.

