HEI, EG HEITER MALINE

05.04.2020

Eg er 28 år gamal, utdanna sosionom med helsekompetanse, og bur aleine i eit hus fullt av liv. Eg har heile 14 dyr til saman, og enda fleire planter. Sist eg telde var eg opp i 60+ inkludert alle avleggarane mine.

Noko som kanskje er litt rart, er at eg brukte å fordra grøne planter. Om mamma kjøpte planter til meg for å "freshe opp" soverommet mitt i ungdomstida, himla eg med augene. Dei siste tre åra har plantene sakte, men sikkert snike seg inn i hjertet mitt.

Då eg fekk augene opp for kor monge spesielle planter som finst ute i den store, vide, verda, begynte eg å lage ei liste over alle eg MÅTTE ha i samlinga mi. Eg har kryssa mange av lista, men lista vert berre lengre og lengre. Eg har ein stor kjærleik for blad som har spesielle mønster i seg, som f. Eks Calathea-familien, Maranta-familien og Ctenanthe.

Elles har eg nyleg fått augene opp for sjølvdyrka frukt og grønt. Og ønsker gjennom denne bloggen å inspirere andre til å dyrke sjølv. Eg har kaniner og høns i hagen, og desse skal få sjølvdyrka salatblad og anna godt i løpet av sommarhalvåret.

Noko anna som er så bra med planter, er at det er bra for den psykiske helsa. Dette er faktisk bevist, men eg orkar ikkje å leite fram forsking, så det kjem vi tilbake til seinare. Eg har så lenge eg kan huske slite med angst- og depresjon, noko eg vel å vere open og ærleg om. Plantene gjer at eg får noko positivt å fokusere på, eg opplever meistring og dei gir meg mykje i kvardagen.

Målet med bloggen er for meg å lære mest mulig, gjennom å presentere informasjon eg har funne og få tilbakemeldingar frå lesarar. Elles gjer eg dette fordi eg tenker at dette kan verte eit artig samarbeidsprosjekt for å dyrke interessa for plantehald enda meir. Eg er ingen planteekspert, men eg vil kalle meg plantenerd. Eg prøver og feilar, og eg kjem til å vere dønn ærleg og vise både døde og levande planter. Dette i håp om at andre der ute kan lære av mine feil og suksessar.

Maline


© 2020 Frodige Frøkner, planteblogg.

Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang